
Feirar samlokalisering i Haugesund
Heile Omega 365 i Haugesundsregionen er no samlokalisert i nye lokale saman med huseigar Bo Andrén Norge AS.
No er alle Omega 365-selskapa samla i Norevegen 17 – noko avdelingsleiar ved Omega 365 Solutions, Vidar Nordnes, er særs nøgd med. Onsdag 29. januar var dei klare for innflyttingsfest med brask, bram og talar.
– Haugesundskontoret, eller Omega-bygget som me har begynt å kalle det for, fungerer utruleg bra. Då me fekk nye kollegar i Omega 365 Protek, meiner me det passar godt å feire no, når alle er på plass, seier Nordnes.
– Med hovudkontor i Ølensvåg, har marknaden på Haugalandet alltid vore viktig for oss. Me ser fram til vidare vekst på Haugalandet, forklarer Petter Aalvik, konsernsjef i Omega 365.
Meir til stades på Haugalandet
Arbeidet med å etablere Haugesundskontoret byrja rett før pandemien, og fortsette gjennom 2020, før offisiell innflytting til Omega-bygget året etter. Etter at Omega 365 Protek blei ein del av konsernet i fjor, er heile Omega 365-konsernet si Haugesunds-satsing samla i Norevegen. Søsterselskapa Omega 365 Areal, Omega 365 Consulting og Omega 365 Design er også samla der – til saman 75 medarbeidarar over nesten tre etasjar.
– Haugesundskontoret gjer oss meir synleg lokalt, og me samarbeider godt med Haugalandsregionen. Det er viktig for oss å være tett på bransjar som maritim, subsea og fornybar energi, seier avdelingsleiar Nordnes.
Kjell Spanne, administrerande direktør i Bo Andrén Norge AS, understrekar det gode samarbeidet med Omega 365.
Gode synergiar og samarbeid
Nordnes er nøgd med synergiane mellom dei ulike Omega 365-selskapa i Omega-bygget.
– Kunden får eit meir samla Omega som kan levere fullpakke-løysingar innan entreprise, prosjektstyring, marknadsføring, konsulentar samt arkitektur- og ingeniørtenester, seier Nordnes.
– Sjølv får me hyggeleg fellesskap og utruleg gode naboar og partnarar i Bo Andrén, seier Nordnes.
Han karakteriserer samarbeidet med nabo og huseigar Bo Andrén Norge AS som fantastisk. Det tradisjonsrike Haugesundsselskapet og golventreprenøren eig huset, og har sitt hovudkontor i øvste etasje i Norevegen. Avtalen med Omega 365 er langsiktig frå begge partar.
Vil vokse videre
Bo Andrén Norge AS, som sidan starten på 1970-talet har hatt hovudsete i Haugesund, er også særs nøgd med naboskapet.
– Det fungerer veldig bra. Me har over lenger tid hatt eit kreativt og konstruktivt samarbeid med Omega, som har god fleksibilitet og vilje til positiv utvikling. Som huseigarar er me stolte av å ha ein så anerkjend og stor aktør som Omega med på laget, seier administrerande direktør i Bo Andrén Norge AS, Kjell Spanne.
Saman med Omega 365 har dei planar om vidare utviding i framtida, på det Bo Andrén kallar «indrefileten på Haugalandet».
– Det er ingen tvil om at målet for begge partar er å vekse vidare, seier Spanne.
Om Omega 365
Omega 365 er eit globalt selskap, med hovudkontor i Ølensvåg i Rogaland, som leverer prosjektstyringssystem og prosjektpersonell til nokre av dei største kundane og prosjekta innan olje og gass, helsetenester, infrastruktur, energi og konstruksjon. Selskap i Omega 365-gruppen leverer også subsea-ingeniørtenester, IT-konsulentar, arkitekt- og ingeniørtenester, areal- og samfunnsplanlegging, samt design og kommunikasjon. I tillegg til hovudkontoret i Ølensvåg har Omega 365 regionale kontor i Bergen, Stavanger, Stjørdal, Kristiansund, Oslo, Tønsberg, Harstad, Sand, Sauda og Haugesund samt internasjonale kontor i Danmark, Sverige, Storbritannia, USA, Canada, Guyana, Australia, Litauen, Frankrike og Singapore.
Om Bo Andrén Norge AS
Bo Andrén er ein tradisjonsrik golventreprenør med 90 tilsette fordelt på fem kontor over heile Norge. Gjennom sitt eige merke BOA Flooring, leverer dei high-end-løysingar innan tregolv til bustadar, offentlege bygg og næringsbygg. Hovudkontoret er i Haugesund, der bedrifta blei etablert i 1972.