Rådgjevarane
Er det noko me kan svara på? Kontakt oss direkte eller på design@omega365.com.
Maria Djuve Vågen
Maria har over ti års erfaring frå kommunikasjon og marknadsføring for kundar lokalt, nasjonalt og globalt. Ho har brei leiarerfaring og bachelor i kommunikasjon. I tillegg har Maria mange andre talent – som diplomat kunne ho for eksempel skapt verdsfred.
Judith Sørhus Litlehamar
Judith har 20 års erfaring med strategisk og operativ kommunikasjon for alle typar kundar som vil nå ut med noko. I tillegg til bachelor i journalistikk med litteraturvitskap og fagansvar for kommunikasjon hjå oss, har Judith eit dobbeltliv som sauebonde. Og bokbadar.
Inga Klokkerstuen Wangensteen
Inga er vår ekspert på digital marknadsføring og strategisk rådgjeving. Med bachelor i tysk og engelsk, og lang erfaring som lærar, kan Inga kunsten å formidla ein bodskap klart, tydeleg og presist. Elles les, skriv og føreles ho om berekraftig liv, og grev i jorda når ho kan det.
Hanna Maria van Zijp
Hanna Maria er ein stødig strategisk kommunikasjonsrådgjevar både under roleg seilas og når det brenn under føtene. Ho er dessutan ein dyktig fotograf som gjerne forevigar folk, fe eller bedrifter. Hanna Maria er utdanna byplanleggjar og har mange års erfaring frå media. Ho veit korleis du skal få det sagt, samt kor og når.
Annika Ørnes Mæhle
Annika har bachelor i digital kultur med fordjuping i korleis folk deltek i og skapar innhald på digitale flater, og brei erfaring frå sal, marknadsføring og prosjektleiing. I tillegg har ho noregsrekord i stålkontroll. Derfor koordinerer ho bedriftskommunikasjon me leverer til vårt moderskip Omega 365-konsernet, slik at alt me gjer av stort og smått, skaper verdi.
Sveinung Johan Bjelland
Med mange års erfaring frå grafisk bransje, er Sveinung vår mann på profileringsartiklar. På dagtid hjelper han folk og bedrifter til å visa betre igjen. På kveldstid spelar han med Pakkers eller Bjelland & Lofthus spelemannslag. Sveinung har også bachelorgrad i økonomi, men det er eigentleg hemmeleg.
Linn-Henny Andersen
Linn-Henny har over ti års erfaring frå design, prosjektstyring og knirkefire brukaropplevingar for alle typar kundar. Ho har bachelor i mediedesign i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning, noko ho bruker dagleg. Linn-Henny startar alltid med mottakaren, og korleis vanskelege ting kan bli lettare å forstå.
Marie Jastrey Albertsen
Marie er designar med litt av kvart i bagasjen. Ho har bachelor i visuell kommunikasjon, reklame og merkekommunikasjon, pluss ein svipptur innan friluftsliv. Dessutan er ho barista, og har erfaring som sjokoladepakkar i Australia og festivalsjef i Finnmark. Som designar er Marie like opptatt av kva som skal seiast som korleis det ser ut, og finn vegen uansett terreng.
Fredrik Vikdal
Fredrik er utdanna grafisk designer og innan digital marknadsføring. Han er vår visuelle ressurs, som hjelper med å finna og formidla særpreg. Derfor er han den folk går til når dei treng ny visuell identitet, illustrasjon eller animasjon. Fredrik snakkar gjerne om sine favoritt-fontar, men er ekspert på å lytta.
Terje Hodne
Terje har over 15 års erfaring innan grafisk design og produksjon, og 10 år innan nettsideutvikling. Med bachelor i kommunikasjonsdesign og god teknisk kunnskap har han stø hand på både fysiske og digitale flater. Utanfor jobben seier Terje aldri nei takk til djup puddersnø, høge fjelltoppar og grøne golfbanar.
Frode Bødtker
Trass sin unge alder, er Frode ein av dei gode gamle som kan alt. Han er mediegrafikar, designer og webutviklar med hjarte for tilgjengeleg godt design. Frode starta som praktikant, blei lærling og er nå fiks ferdig webfyr som byggjer alle typar nettsider slik at dei glir saumlaust og gjer akkurat det dei skal.
Me har kaffiautomaten klar, kom gjerne innom!
Ølensvåg
Haukelivegen 668,5582 Ølensvåg
Sand
Sandsvegen 134,4230 Sand
Sauda
Rådhusgata 34,4200 Sauda
Stavanger
Forusbeen 78,4033 Stavanger