Eit yrke der du får vere med frå a til å

Alida Frøvik Svensbøe får leve ut kreativiteten i eit yrke ho meiner for få veit om, men som alle ser resultatet av dagleg. Med oppvekst i Vikebygd var lærlingjobb lokalt heilt perfekt, og i juli avslutta ho læretida med ein solid svenneprøve. Det var likevel ikkje sjølvsagd at det var profileringsdesignar ho skulle bli.

23. august 2024

– Gjennom ungdomsskulen tenkte eg at eg ville bli kokk, men dagen før søknadsfristen til vidaregåande, skifta eg meining. Då eg var interessert i hår og fletting, tenkte eg at frisør kunne vere eit fint yrke. På Haugaland hadde dei linja FBIE, frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, så vegen gjekk dit.

Første året fekk elevane prøve seg både innan frisørfaget og interiør, og då oppdaga ho at det var interiørdelen som interesserte ho mest. Andre året gjekk ho vidare på interiør og eksponeringsdesign, og tredje året venta lærlingjobb innan profileringsdesign. Ho er tydeleg på kvifor profileringsdesign er viktig. 

– Det er ikkje så mange som veit kva ein profileiringsdesignar gjer, men ein ser arbeidet vårt over alt. Det handlar om å gjere bedrifter synlege gjennom foliering, skilting, klistremerke og slikt. Det er ein kreativ jobb der du får jobbe med produktet frå a til å, frå design av logoar og utsjånad til du monterer produktet der det skal vere. Det er jo kult! 

Å få lærlingplass lokalt var ein kjempebonus. 

– Eg søkte først på jobb i Haugesund og var også på intervju i Stavanger, men det freista mest å bu heime ei stund til. Omega 365 Design hadde allereie tre lærlingar inne, men gav meg likevel tilbod om plass. Då vart eg veldig glad! 

Praksisen i læretida gjennomførte ho hjå Tonjer i Haugesund. Der var ho to dagar i veka, og dei resterande dagane på Omega 365 Design sitt kontor i Ølensvåg. I juli var det klart for sveineprøve etter to års læretid. 

– Eg fekk i oppgåve å omprofilere ei fiktiv bedrift. I utgangspunktet skulle eg lage skilting av bygg og foliering inne, men då dei hadde ein gamal og utdatert logo, fekk eg også lage ny av den. Gjennom sveineprøveveka laga eg bildesign og skilt, visittkort, roll-up og foliedesign. Eg fekk oppgåva på måndagen og på fredagen kom sensorane og såg over det eg hadde laga, samt at eg folierte ein bil framfor dei. 

Sveineprøven vart premiert med ein “meget” og Alida er særs nøgd med resultatet. Til hausten ventar påbygg på Haugaland videregående skole og ein arbeidsdag i veka hjå Omega 365 Design i Ølensvåg. 

– Dei som har tatt påbygg før meg seier det er tøft, men ein må berre stå på frå start og jobbe jamt og trutt. Etter vidaregåande forset eg anten som profileringsdesignar, eller så blir det studiar. Eg veit ikkje heilt kva enda, men det må i tilfelle bli noko kreativt, avsluttar ho med eit smil.

Inga Klokkerstuen Wangensteen
Inga Klokkerstuen Wangensteen
inga.wangensteen@omega365.com (+47) 95 75 75 83