Om oss
Omega 365 Design jobbar fram målretta løysingar for digitale og trykte flater.
Video videospiller for bedriftsvideo
1997
Norsk Plan starta opp med hovudkontor i Suldal og avdelingskontor i Oslo. Gründer Einar Schibevaag var også dagleg leiar frå 2002-2008. Selskapet arbeidde med varierte konsultoppdrag og hadde ein sterk nynorskprofil, der og mange av kundane var bedrifter, organisasjonar og kommunar som nytta nynorsk.
2007
Norsk Plan feira 10-årsjubileum med 10 tilsette. I denne perioden jobba Norsk Plan med store prosjekt som Rasmus Løland-markering (2007-2011), Kulturnett i Rogaland, Forfattarportal.no, LNK-avisa, samt at dei leverte innhald til magasinett.no, framtida.no og pirion.no
2013
Bedrifta flytta frå Vatlandsvåg til Nærinshagen på Garaneset på Sand. I løpet av denne perioden var tenestetilbodet i bedrifta blitt meir spissa mot kommunikasjon, nettsider og grafisk arbeid. Gir ut fyrste utgåve av Ryfylkemagasinet Mitt Ryfylke.
![](/api/file/view/stbv_Content_ItemsFiles/A9395F0F-9082-4D16-A226-4E57C2C88CF9/filter-gjengen.jpg)
2014
Norsk Plan skifta navn til Filter - tilbyr nettsideproduksjon, designoppdrag og kommunikasjonsrådgjeving. Gir ut fyrste utgåve av Tempo Næringsmagasin for Fikse Næringsforening.
![](/api/file/view/stbv_Content_ItemsFiles/B0C8CF5A-0015-4CB9-8F80-0388DAEB7E84/filter-kjopt.jpg)
2015
Filter vart kjøpt opp av Omega AS og vart eit av fleire dotterselskap, med hovudkontor i Ølensvåg og avdelingskontor på Sand.
![](/api/file/view/stbv_Content_ItemsFiles/F1712974-F7C5-4EF9-B2DB-E7588E9458B3/filter-blir-omega-design.jpg)
2018
Filter skifta namn til Omega Design for å styrke posisjonen sin som ein del av Omega-familien.
2021
Endra namn til Omega 365 Design.
Me er for tida eit team på vel 20 personar, som har kompetanse innan produksjon av innhald, PR- og kommunikasjon, film, foto, sosiale mediur og nettsideutvikling.