Alt du treng for å bli sett og høyrt
Rådgjeving
All kommunikasjon som skal ha effekt, startar med rådgjeving.
Rådgjeving
Kva, når og korleis du seier noko, er avgjerande for om du når måla du har sett deg. Det kan handla om alt frå smidigare internkommunikasjon til korleis handtera kriser – det spørs kva bedrifta står i og kor ho skal. Av og til trengst medietrening, andre gonger eit godt råd i store eller små dilemma. For meir etablerte aktørar kan det vera å framtidssikra marknadsposisjonen sin, eller å planleggja for det verst tenkjelege. Me er klare for alle typar farvatn, ein telefon unna.
Uansett må kommunikasjonsrådgjeving kunna realisera bedriftsstrategien og marknadspotensialet. Nokon gonger er det faktisk der me startar, om der trengst eit friskt blikk på akkurat det. Andre gonger, når strategien dykkar er gryteklar allereie, kan me leggja ein plan med idébank som hjelper dykk i gang. For dei som treng det, leverer me alt som skal til for å gjennomføra planen; skriv på bestilling og fortel dine historier.
Eksempel på leveransar:
Gjennomføra strategiworkshopar med leiinga
Strategisk kommunikasjonsrådgjeving i konkrete situasjonar
Utarbeida kommunikasjonsplan
Risiko- og krisekommunikasjon
Medietrening og andre øvingar
Mediekontakt
Internkommunikasjon
Design
Du byggjer merkevara di gjennom det du leverer.
Design
Me kan hjelpa deg med den synlege delen av merkevara, altså visuell identitet. Det handlar om kva designelement bedrifta bruker for å framstå profesjonell, som heilskapleg bruk av skrifttypar, fargar eller logo. Både etablerte tungvektarar, ferske gründarar og nye merkevarer treng ei innpakning som passar budsjettet og bransjen. Dette kan gjerast på fleire måtar; nokon har litt frå før. Andre vil tenkja nytt, slik at innpakninga står i stil med bedrifta sin identitet.
Godt design handlar både om brukarvennlegheit og kva verdiar det kommuniserer. For dei som treng ei betre nettside, er me opptatt av at sida skal passa drifta på sikt, at bedrifta skal vera søkbar og at sida skal oppfylla krav til universell utforming. For alle typar trykksaker, om det er turkart eller plakat, er me opptatt av at bodskapen skal vera leseleg, i tillegg til ein tydeleg visuell identitet. Me leverer ofte tekstar til trykksaker. For større aktørar kan magasin formidla fleire sider av samfunnsoppdraget – då kan du få heile pakken med alt redaksjonelt innhald i tillegg.
Eksempel på leveransar:
Profilutvikling og visuell identitet
Konseptutvikling for opplevingar og utstillingar
Nettside
Logo og profilmanual
Trykksaker og skilt
Magasin
Historieforteljing
Sidan me budde i hòler, har me fortalt historier – først munnleg, så skriftleg, og så visuelt.
Historieforteljing
Som menneske er me ofte meir mottakelege for historier, enn for eksempel for tal og statistikk. Alle variantar av historieforteljing er viktig i dagens kommunikasjonsarbeid. Ofte er det den mest effektive måten å formidla bedrifta sin identitet på, eller nå ut med ein bodskap. Dei same historiene kan dessutan brukast i ulike kanalar og på ulike måtar.
Mange ønskjer å fortelja om bedrifta eller aktøren sitt samfunnsoppdrag. Andre vil nå breiare ut med rekruttering, og treng ei redaksjonell sak i tillegg til annonsetekst. Uansett kan me tilpassa historia di til det formatet du ønskjer, anten det er tekst, bilete, reels på sosiale medium – eller ein lengre, forteljande film.
Eksempel på leveransar:
Tekst og foto: Advertorial og redaksjonelle saker
Innhaldsproduksjon til sosiale medium
Film og animasjon
Tekst
For å nå ut med bodskapen din, trengst alltid tekst.
Tekst
Me leverer alle sjangrar frå reklame til det redaksjonelle, på begge målformer. Nokon ønskjer det ferdigtygd, andre vil ha tilbakemelding på det dei har skrive sjølv – og me gjer begge delar. Uansett skal du kunna stå for innhaldet, og det finn me ei form på, uansett om du vil rekruttera eller posisjonera deg. Folk som vil ytra seg i offentleg debatt, hyrer oss gjerne til alt frå å sparra om bodskap til å skriva debattinnlegg.
Eksempel på leveransar:
Debattinnlegg og kronikkar
Artiklar og andre redaksjonelle tekstar
Rekrutteringsprosess
Nyhendebrev
Nettsidetekstar
Brosjyrar
Profilering
Treng du merch, bilfolie eller t-skjorter?
Profilering
Mange av kundane har behov for profileringsartiklar som gjer at dei viser igjen i marknaden. Kva type artiklar du treng, spørs ofte på bransje – og uansett får me det gjort. Anten det gjeld jobbklede, julegåver eller yrkesmesse, hjelper me deg på vegen frå idé, vegval og design til ferdig produkt. Treng du hjelp med logo eller visuell identitet først? Designarane våre kan gi merkevara di ny drakt.
Eksempel på leveransar:
Caps og klede
Firmagåver
Drikkeflasker, koppar og messeartiklar
Stands og messeveggar
Skilt, rollupar og liknande
Bilfoliering
Konferansier
Fleire av rådgjevarane våre har god erfaring med å ta mikrofonen.
Konferansier
Me fyller gjerne roller som trengst til ulike arrangement. Det kan vera konferansier, intervjuar i bokbad eller ordstyrar i panelsamtale. På scenar med høgare temperatur, styrer me gjerne ordet som debattleiar. Me har dessutan lang erfaring med kurs og føredrag, om for eksempel medietrening, sosiale medium eller berekraft. For aktørar som skal i gang med podkast, hjelper me gjerne til i programleiarrolla. Om det føregår på scena eller i opptak, om du har eit stort eller lite publikum, tar me utgangspunkt i dine behov og stiller førebudde heilt ut i fingrane.