Fem vegar til ei engasjerande nettside

Ei god nettside er avgjerande for å bygge eit sterkt nærvær på nettet og effektivt kommunisere med kundar. Då trengst gode tekstar. Her er tips til fem grep!

23. august 2024

1. Klår bodskap

Bestem deg for kva du vil seia, og skriv ned ei setning eller nokre stikkord. Det er bodskapen din du kan byggja teksten rundt. Bruk eit tydeleg og enkelt språk, med informative og korte overskrifter. Metaforar, ironi eller andre tvetydige bilete, kan vere freistande, men ofte er det enklaste det beste. 

2. Kva språk snakkar du? 

Kommuniserer bedrifta di på bokmål, nynorsk eller eit anna språk – eller kanskje fleire? Ta eit val og hald deg til det. Dialekt kan vere eit godt grep i enkelte kommunikasjonskanalar, men på ei nettside er det lurt å halde seg til eitt skriftspråk.

3. Spør ein venn

Alle som jobbar med tekst, veit kor viktig det er at fleire les gjennom det ein har skrive. Sjølv blir ein ofte blind for eigen tekst. Sørg for at tekstane som vert lagt ut blir lest av minst ein person til. Har du ikkje ei stor kommunikasjonsavdeling? Alliér deg med ein kollega som kan ta korrektur og markera ting som er vanskelege å forstå. Det er lett å oversjå eigne skriveleifar, men med fleire auger på teksten, får ein raskare rydda opp i språkleg krøll.

4. Gjer nettsida di lett å finne

Inkluder relevante søkeord i tekstane dine, som kan gjere at nettsida di vert fanga opp når folk søker etter dine tenester eller produkt. Hugs på søkaroptimalisering ved å tilpasse innhald og formatering slik at nettsida vert mest mogleg attraktiv for søkemotorar som Google og Bing. Då er sannsynet større for at du kjem høgare opp i søknadsresultatet. 

5. Alt er interessant! 

All aktivitet og kunnskapsformidling er god eigenreklame. Publisér regelmessige blogginnlegg og aktuelt-saker. Har de inngått kontraktar, har de delteke på ei messe, har de donert pengar til eit lokalt føremål? 

Går den daglege drifta i vanleg tempo utan dei store hendingane? Sjå etter andre saker i samfunnet utanføre bedrifta som du kan koble deg opp mot. Er du ei el-bedrift og det er høge straumprisar? Skriv ei sak til nettsida om korleis kundane dine kan spare straum. Kanskje har du nokre produkt som kan bidra til straumsparing? Er den første snøen komen og dei lokale skispora er nypreppa? Viss du har ein sportsbutikk, bør produktreklame og anna innhald om skisesongen ut no! 

Treng du fleire tips? Ta gjerne kontakt! 

Astrid Eidhammer Hjelmeland
Astrid Eidhammer Hjelmeland
astrid@omega365.com (+47) 97 19 47 88