Personvernerklæring

Omega 365 Design bryr seg om personvernet ditt. Me handsamar personopplysningane dine trygt og i samsvar med gjeldande reglar for personvern og informasjonstryggleik.

Personopplysningar me samlar inn og handsamar

Me handsamar desse typane personopplysningar:

  • Grunnleggjande informasjon: namn og fødselsdato

  • Kontaktinformasjon: adresse, telefonnummer og e-postadresse

  • Kundeaktivitet: kva du har lese eller gjort på nettsidene våre eller i e-postar me sender deg, og tekniske opplysningar om eininga du brukar (til dømes telefon eller datamaskin)

  • Informasjonskapslar (cookies): Sjå informasjonen vår om informasjonskapslar under.

Me samlar inn personopplysningane direkte frå deg, anten ved at du gir oss informasjon, eller ved at du brukar tenestene og produkta våre.

Korleis me brukar personopplysningane

Levering av teneste / inngåing av avtale

Me brukar personopplysningane dine til å oppfylle avtalar med deg, til dømes når du har bestilt eit produkt eller ei teneste frå oss. Grunnlaget for at me har lov til å bruke opplysningane til dette, er at det er nødvendig for å oppfylle avtalen med deg.

Administrasjon av kundeforhold

Me brukar personopplysningane dine til å følgje opp kundeforholdet, til dømes ved kundeservice, handsaming av klager og retting av feil. Grunnlaget for at me har lov til å bruke opplysningane til dette, er at det er nødvendig for å oppfylle avtalen med deg.

Analyse, forretningsutvikling og forbetring av tenester

Me arbeider heile tida med å utvikle og forbetre tenestene og produkta våre. Mykje av dette arbeidet handlar om å analysere ulike personopplysningar, til dømes kva du har gjort som kunde, kundehistorikk og informasjon frå kontoen og profilen din. Grunnlaget for at me har lov til å bruke opplysningane til dette, er den rettkomne interessa vår.

Sal og marknadsføring

Me brukar personopplysningar til sal og marknadsføring av produkta og tenestene våre, til dømes ved at du får e-post frå oss. Grunnlaget for at me har lov til å bruke opplysningane til dette, er den rettkomne interessa vår. Du kan reservere deg mot delar av dette, til dømes ved å reservere deg mot å få e-post frå oss. I tillegg kan me spørje om lov til å bruke personopplysningane dine til såkalla profilering, der me ut frå opplysningane dine prøver å finne interessene og behova dine. Føremålet med profilering er at marknadsføringa vår skal bli meir relevant.

Oppfylle rettslege plikter

I nokre tilfelle må me bruke personopplysningar fordi me har andre plikter etter lova. Eit døme er informasjon om sal, som me må føre rekneskap over og ta vare på i samsvar med bokføringslova. Grunnlaget for at me har lov til å bruke opplysningane til dette, er at det er nødvendig for at me skal oppfylle ei rettsleg plikt.

Rettane dine

Dersom du ønskjer å bruke nokon av rettane dine, ta kontakt med oss på design@omega365.com.

Rett til innsyn i eigne opplysningar

Du kan be om ein kopi av alle opplysningar me handsamar om deg. Ta kontakt på e-postadressa ovanfor for å bruke innsynsretten din.

Rett til retting av personopplysningar

Du har rett til å be oss rette eller leggje til opplysningar som er feil eller misvisande.

Rett til sletting av personopplysningar

Du har rett til å få personopplysningane dine sletta utan ugrunna opphald. Du kan difor når som helst be oss slette opplysningar om deg sjølv. Men merk at me ikkje slettar informasjon me har plikt til å ta vare på av andre grunnar, til dømes etter bokføringslova.

Avgrensing av handsaminga av personopplysningar

I nokre situasjonar kan du òg be oss avgrense handsaminga av opplysningar om deg. Det gjer du ved å administrere samtykke eller reservasjonar i løysingane våre.

Protestere mot ei handsaming av personopplysningar

Dersom me handsamar opplysningar om deg fordi det er ei av oppgåvene våre, eller fordi me har vurdert at interessa vår veg tyngre enn omsynet til deg, har du rett til å protestere mot dette. Det gjer du ved å administrere samtykke eller reservasjonar i løysingane våre.

Dataportabilitet

Du har rett til å få utlevert personopplysningane dine i eit strukturert, allment brukt og maskinlesbart format. Ta kontakt på e-postadressa ovanfor for å få utlevert personopplysningane dine.

Du kan klage på handsaminga vår av personopplysningar

Me håpar du seier frå dersom du meiner me ikkje følgjer reglane i personopplysningslova. Ta gjerne først kontakt gjennom den kontakten eller kanalen du alt har hos oss. Du kan også klage på handsaminga vår av personopplysningar. Det gjer du til Datatilsynet.


Informasjonskapslar (cookies)

På omega365design.no brukar me informasjonskapslar for å betre brukaropplevinga. Ved å bruke nettsida samtykkjer du til bruk av informasjonskapslar i samsvar med informasjonen på denne sida.

Kva er informasjonskapslar?

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på eininga di når du lastar ei nettside. På omega365design.no brukar me i dag informasjonskapslar til desse formåla:

  • For at ulike tenester på nettsida vår skal fungere.

  • For å hindre spam og misbruk gjennom skjema på nettsida.

  • For å analysere måten dei som besøkjer nettsida, brukar ho.

Korleis brukar me informasjonskapslar?

Når du besøkjer omega365design.no, installerer me informasjonskapslar som er nødvendige for at du skal kunne bruke nettsida vår. Dersom du gir samtykke, kan me òg bruke informasjonskapslar for å analysere måten du brukar nettsida. Du kan trekkje tilbake samtykket når som helst nedst på denne sida.

reCAPTCHA

Me brukar Google sin reCAPTCHA for å verne nettsida vår mot spam og misbruk. reCAPTCHA ser på korleis du brukar nettsida, for å avgjere om det er eit menneske eller ein automatisert robot som gjer noko på sida.

Denne tenesta kan samle inn informasjon som IP-adresse, nettlesartype og korleis du oppfører deg på nettsida (til dømes musrørsler eller kor lenge du er på sida). Opplysningane som blir samla inn, blir sende til og handsama av Google i samsvar med personvernreglane deira.

reCAPTCHA-informasjonskapslar er nødvendige for at nettsida skal fungere rett og trygt, og kan ikkje slåast av.

Google Analytics

Me brukar Google Analytics for å gjere nettsida vår betre. Google Analytics er ei teneste frå Alphabet Inc. (Google) som viser oss korleis dei som besøkjer sida, brukar ho. Me får til dømes vite kva sider som blir mest besøkte, kva sider brukarane kjem frå, og når på døgnet sidene har mest besøk. Dette hjelper oss å forstå kva brukarane våre ønskjer, og kva me bør bli betre på, slik at me kan tilpasse innhald og tenester betre til dei som brukar nettsida vår.

Google kan òg gi denne informasjonen vidare til andre dersom lova krev det, eller dersom andre handsamar informasjonen på vegner av Google. Google vil ikkje kople IP-adressa di saman med annan informasjon Google har.

Informasjonen som Google Analytics samlar inn, blir lagra på tenarane til Google i USA. Denne informasjonen følgjer personvernreglane til Google. Desse informasjonskapslane lagrar ikkje personopplysningar som namn, adresser eller kontaktinformasjon.

Google Analytics verken lagrar eller loggfører IP-adresser enkeltvis frå EU-brukarar. Når Analytics samlar inn måledata, blir alle IP-oppslag utførte på EU-baserte tenarar før trafikken blir vidaresend til Analytics-tenarar for handsaming.

Administrer informasjonskapslar

Dersom du har godteke eller reservert deg mot enkelte informasjonskapslar på nettsidene våre, kan du endre desse innstillingane ved å klikke på «Administrer informasjonskapslar» nedst på denne sida.

Du kan blokkere og tillate informasjonskapslar gjennom innstillingane i nettlesaren. Du kan lese meir om korleis du gjer dette på nettvett.no.