Kommunikasjon
Me tilbyr både kommunikasjonsrådgjeving, PR-arbeid og tekstane du treng til kanalane dine. Ein god tekst er oversiktleg, lett å lese, lett å forstå og utan skrivefeil.
Vimeo videospillere for kommunikasjons- og sosiale medium video
Gode tekstar er essensielt for å nå fram med bodskapen din. Me hjelper deg å skrive alt frå pressemeldingar og artiklar til innhald på nettsider og i sosiale medium. Me tilbyr også rådgiving innan tekst og formidling.
Me kan også bidra med kommunikasjonsrådgjeving om kva saker du bør fronte i media, kva kanalar du bør velje eller kva tidspunkt du skal fortelje om noko nytt. Me lagar gode PR-strategiar saman med deg som kunde og sikrar at sakene dine blir presentert for media på ein god måte.
Hjå oss kan du også få kurs eller workshop innan mediekontakt/PR eller sosiale medium. Me tilpassar kurs etter dine behov og utfordringar.
![](/api/file/view/stbv_Content_ItemsFiles/9FFBB1B2-5163-4214-9ED6-4269B5A61E88/avis-annonse-mockup-suldal.jpg)
![](/api/file/view/stbv_O365_ArticlesFiles/4aad8144-52c3-4c19-93c9-752d5e7df7f4/sand-suldal-facebook-mockup.jpg)