Er nettsida di tilgjengeleg?

Frå februar må alle offentlege nettstader dokumentera i kva grad nettstaden er universelt utforma. Designarane Terje Hodne og Linn-Henny Andersen rådgjer gjerne i prosessen.

27. februar 2023

– Nettstader skal vera tilgjengeleg for alle, uansett alder, funksjonsvariasjonar, bakgrunn eller utdanningsnivå.

Det seier Linn-Henny Andersen, designar i Omega 365 Design. Ho tar alltid utgangspunkt i brukaren når nye nettstader skal designast. Nå kjem krav om tilgjenglegheitserklæring for nettstadene til offentlege verksemder. Det er «ein sjølvdeklarasjon om i kva grad ei verksemd sin nettstad etterlever krava til universell utforming av ikt.», ifølgje Digitaliseringsdirektoratet.

God funksjonalitet

Universell utforming betyr at nettstaden er tilgjengeleg for alle, er godt forklart og har god funksjonalitet.

– Ein universell utforma nettstad gjer det mogleg for nettlesar å lesa opp teksten, seier Terje Hodne, grafisk designar og web-utviklar i Omega 365 Design.

– All tekst må kunna lesast opp, og strukturen på nettsida må vera bygt opp på ein måte som gjer det mogleg å navigera. Du treng også klarspråk og god nok fargekontrast, legg Linn-Henny til.

Viktig for å kunna delta i samfunnet

– Kva betyr dei nye reglane for tilgang på informasjon?

– Dei er viktige for at alle skal få delta i samfunnet. For nokon er det heilt naudsynt, medan det for andre også blir betre digitale løysingar, seier Linn-Henny.

Ho ser positivt på at offentlege aktørar kan bli meir medvitne på kva og korleis dei legg ut informasjon, og gjennom kva kanalar.

Bistår med rådgjeving

Ei tilgjengelegheitserklæring er ein kort tekst som forklarer kor universelt utforma nettstaden er, i tråd med lovverket. Eigar av nettstaden fyller ut erklæringa på uustatus.no. Kravet gjeld både eksterne nettsider, intranett og kan dessutan gjelda innhald til sosiale medium. Dersom nettstaden eller kanalen ikkje oppfyller aktuelle krav, skal tilgjengelegheitserklæringa seia korleis dette skal løysast. Omega 365 Design bistår med både rådgjeving i prosessen, kartlegging, testing, utfylling og publisering.

Ta kontakt med nettsideleverandør

Terje oppmodar alle offentlege aktørar til å setja seg inn i dei nye krava og kartlegga nettstaden.

– Kva gjer ein om ein ikkje har kome i gang?

– Les deg opp hos UU-tilsynet og bruk sjekklista deira til å testa sida. Ta kontakt med nettsideleverandør tidleg, og få informasjon om kva du har og ikkje har, kva som er testa og gjerne hjelp til korleis dei sjølve testar, seier Terje.