Innlogging i redigeringsverktøyet
Logg deg inn på PC/Mac ved å legge til ?update bak url-adressa i adressefeltet til nettlesaren. Du er innlogga til du aktivt loggar deg ut, eller slettar cache på nettlesaren din. Når du er logga ut kan du logge deg inn igjen ved å klikke på ikonet som dukkar opp nede til høgre når du opnar nettsida.

Legg til ?update bak url-adressa ved innlogging frå ny PC.
Redigeringsmeny
Når du er logga inn i Designar verktøyet med Content edit eller Marketer rolle får du tilgang til i redigere innhald på sidene direkte i dei redigerbare felta, og via CMS databasar/collections. Oppe til venstre kan du åpne sidepanel med oversikt over statiske og dynamiske (databasar) sider, Assets arkiv samt andre applikasjonar. Oppe til høgre finn du val for deling, publisering og ein kan sjå innhaldet i ulike brukargrensesnitt (skjermar).

Tilgang til sider, databasar, assets, innstillingar og val for visning og publisering.
Side innstillingar
Via Pages sitt tannhjul ikon til høgre i sidepanel kan du åpne alle statiske sider sine innstillingar. Her finn du og kan redigere mellom anna meta tekstar og innhald for SEO, Open graph data, Schema markup for AI.

Tilgang til side og SEO innstillingar.

Tilgang til GEO innstillingar.
Database/CMS collections side innstillingar
Under CMS collection pages finn du og kan redigere innstillingar for dynamiske sider og innhald frå databasane. Innstillingane fungerer likt som på dei statiske sidene, men du kan i tillegg koble til dynamisk innhald frå databasane, dvs. at meta tekstar og innhald blir henta frå felt i databasen, og blir unik for kvar item/innlegg.

Tilgang til side, SEO og GEO innstillingar for dynamiske sider.
Assets arkiv
Via venstre sidepanel får du tilgang til nettsida sine assets som opplasta foto, grafikk, animasjonar, vedlegg. Via val frå toppmeny og innstillingar på kvar fil kan du organisere, komprimere, legge til alternative bilettekstar m.m., som er viktig både for lastetid, optimalisering og krav til universell utforming.

Via Assets ikonet får ein tilgang til opplasta foto og ressursar.

Ein kan bruke menyval til massehandligar, som ekesmpelvis komprimering av foto.

Via ••• ikonet får ein tilgang til val og innstillingar til ressursen.

I innstillingane kan ein legge til sjølv eller generere Alternativ bilettekst (Alt text) for foto.
CMS collections (databasar)
Via CMS i venstre toppmeny får du tilgang til databasane som er laga for nettsida. Her kan du opprette nye innlegg/items, publisere direkte på live side, utføre massehandlingar for å ta items online eller offline, arkivere, slette, eksportere/importere innhald via .csv datafil m.m. Inne på kvar item kan du legge inn og redigere innhald i førehandsdefinerte felt og funksjonar.

Oversikt over databasar/collections. Val for massehandlingar. Oppretting av nye items.

Massehandling for direkte publisering/avpublisering av items.

Databasane har førehandsdefinerte felter for ulike typar innhald som kan redigerast.

Markering av tekst i Rich-text felt gir moglegheiter til styling og strukturering.

Innsette bilete og grafikk kan settast i ulik storleik, og sidestilt med tekst.

I innstillingane til bilete kan ein legge til alternativ bilettekst.

Ein database kan ha fleire koblingar til andre databasar på sida, og val som filtrerer og organiserer listing på nettsida.

Ulike statusar på items i databasen.
Redigera innhald direkte på sida
Redigering av innhald kan gjerast direkte på sida i Designar verktøyet med edit rolle. Ved klikk på eit redigerbart element kjem det opp ein meny oppe i høgre hjørne med ulike val. Alle redigerbare element på nettsida får meny med val når du klikkar på eller markerer elementet, anten det er tekst, bilete, eller linkar. Etter kva du velgjer vil du vidare kunne redigere rett i tekstar (blyant ikon), eller du får opp fleire alternativ (ai, assets eller tannhjul ikon).
Innhaldsfelt
På ei nettside vil det være fleire ulike typar innhaldsfelt, der nokre kan redigerast med mange valmoglegheiter som Rich text-felt, mens andre vil ha mindre val. Det aller meste av innhaldet på sida vil du kunne redigere og endre. Du kan derimot ikkje umiddelbart endre design, layoutar, stilar og førehandsdefinerte elementer og funksjonar. Ved høve for å endre titlar på sider med tilhøyrande url'ar bør du kontakte utviklar for å utføre dette, for å sikre at naudsynte re-directs, linkar og navigasjon fungerer som det skal.
Vidare er nokre skjermbilete med eksempel på val og moglegheiter som dukkar opp når ein redigerer direkte på sidene sitt innhald.

Klikk på redigerbart element og velg blyant ikon for å redigere ein førehandsdefinert heading eller enkle tekstar.

Ved å velge AI ikonet kan ein bruke navite AI-verktøy til å generere eller justere innhald på nettsida.

Klikk på redigerbart element og tannhjul ikon for å redigere link innstillingar.

Klikk på redigerbart element og velg bilete eller tannhjul ikon for å endre bilete og grafikk.

Klikk på redigerbart element og CMS ikon for å redigere innhald fra databasar.

Items i databasar kan redigerast via CMS som vist lengre opp i manualen, eller direkte på sider der innhaldet er lista.

Alle items/sider i databasen kan nås via menyen i midt på toppfelt.
Redigera innhald i Rich text-felt
«Rich text» er fleksible innhaldsfelt der ein har moglegheit til å velje ulike stilar på headingar, bold og kursiv tekst, legge inn lenker, bilete, video, mm. Ein kan redigere i Rich text-felt i statiske sider eller i databasar der desse er brukt.
For å velje stil kan en markere tekst og endre. Bruk av headingar og stilar er spesielt viktig for at svaksynte skal kunne skilje og navigere i innhald på nettsida. H1 headingar blir til dømes ofte brukt i hovud overskrifter på sider og bør ikke bli brukt i Rich text-felta. Framheving av brødtekst i bold bør ikkje bli brukt til overskrifter. Bruk av headingar og stilar i Rich text-felta bør være konsekvent og mest mogleg lik på alle sider og på innhald i databasar. Dette gjer nettsida meir ryddig og betre for alle brukarar.
NB! Når du limer inn tekst i Rich text-felt frå eit anna tekstredigeringsprogram, bruk «Lim inn som rein tekst» (Ctrl/Cmd + Shift + V). Då unngår du at formatering blir med over og forstyrrar utforminga og utsjånaden til nettsida.
Tekstlenker i Rich text-felt og generelt
For å lage ei lenke kan ein markere teksten og klikke på lenke (kjetting) ikonet. Deretter limer ein inn url i feltet og huker av for å aktivere lenka. Det er og mogleg å velje at lenka skal åpne ny fane i nettlesar ved å klikke på tannhjulet, eller lenke til vedlegg, andre sider på nettsida, epost eller telefon ved i klikke på lenke ikonet heilt til venstre i dialogboksen.
Bilete og media i Rich text-felt
For å setje inn bilete og media i Rich text-felt bruker ein linjeskift (enter) for å få + tegnet. Deretter kan ein velje bilete eller video. Når ein legg inn eit bilete har ein ulike val for korleis ein vil tilpasse i feltet.
Midtstilt bilete er standard når en setter inn i Rich text-felt. Ein kan også velje å tilpasse til full breidde, venstrestille, venstre- eller høgrestille i forhold til tekst.
Tilpass bilete til full breidde gir ofte finast layout i Rich text-felt, gitt at biletet er i god nok oppløysing.
Ein kan skrive Alt Text (alternativ bildetekst for svaksynte) for alle bileta i Rich text-felt. Ein kan og tilpasse storleik og lenke bilete til andre sider.
Tilpass storleik på bilete ved å velje Custom. Deretter kan en velje prosent eller pixlar breidde.
Når ein ønsker å legge inn video i Rich text-feltet limer ein inn url til video. Video blir då lagt inn og kan spillast av direkte på sida.
Generelt om bilete
Du kan lett erstatte bilete som eksisterer frå før, direkte på sida, eller rett i databasen. Rett bruk av bilete i god kvalitet, og i rett format er vesentleg for at kundane dine skal kome tilbake til sida di.
Anbefalt storleik og komprimering
Anbefalt biletstørrelse er mellom 200–500 kb og bør aldri gå over 1 MB. Editoren støttar biletfiler av følgjande typar: .webp .jpg, .png, .svg, .gif. Me anbefaler å både komprimere bilete på førehand med eksempelvis gratis vertøy som squoosh.app, óg med native komprimeringsverktøy til .avif eller .webp biletformat.

Markering av tekst i Rich-text felt gir moglegheiter til styling og strukturering.

Markering av tekst og innhald i Rich-text felt gir moglegheiter til å lage ulike punktlister.

Markering av tekst gir moglegheit til sette inn og lage ulike typar lenker.

+ ikon ved linjeskift i Rich-text felt kan bli brukt til å sette inn nytt innhald der ønske.

I Rich-text felt har ein moglegheiter til å legge inn ulike typar innhald.
Publisering av sida
Du kan publisere endra innhald undervegs mens du jobbar eller alle oppdateringar samtidig vi Publish val oppe i høgre hjørne. Vil du sjå og teste endringar før ein publiserer på hovud-domenet til nettsida, kan du først publisere på .webflow.io test-domenet. Via skrå pil ikonet til høgre for domenet kan du åpne live side som ny fane i nettlesaren.

Publisering kan ein gjere direkte for induviduelle items i CMS databasane, eller via Publish oppe i høgre hjørne. Vil ein teste endringar før ein publiserer på live-domenet til nettsida, kan ein først publisere på .webflow.io test-domenet.